Om universell utforming på unesco.no

Unesco.no manglar oppnåing av fleire krav. Vi er i gang med ein prosess for å rette opp i dette slik at unesco.no er brukarvenleg for alle som vitjar sida. Innan sommaren 2023 vil vi ha ei betre nettside på plass.

Alle offentlege verksemder pliktar å ha ei tilgjengelegheitserklæring på plass på sine nettstader. Ei tilgjengelegheitserklæring er ein sjølvdeklarasjon om i kva grad ei verksemd sin nettstad etterlever krava til universell utforming av ikt.

Den informerer brukarane om kor tilgjengelig nettstaden er for kvar enkelt.

Tilgjengelegheitserklæringa er først og fremst til for brukaren. Den viser brukaren i kva grad ein nettstad eller app er universelt utforma. Brukaren får informasjon om brot på krava, kva utfordringar det fører til og forklaring på kvifor verksemda ikkje følgjer regelverket. Brukaren melder frå om feil og manglar direkte til verksemda i erklæringa, og sender eventuelt klage til Diskrimineringsnemnda. Brukaren kan derfor påverke universell utforming av nettstader og appar

Lenke til erklæring på nynorsk: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/2f233273-e0e7-405e-8e72-53bf9bfefa73

Lenke til erklæring på bokmål: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/2f233273-e0e7-405e-8e72-53bf9bfefa73