Både departement, fagmiljø og det sivile samfunn deltek i norsk UNESCO-arbeid.
Medan departementa har ansvar for den offisielle UNESCO-politikken i Noreg, fungerer Den norske UNESCO-kommisjonen som eit bindeledd mellom det sivile samfunnet og norske myndigheiter. Kunnskapsdepartementet har sekretariatsansvar for Den norske UNESCO-kommisjonen.
Den norske UNESCO-kommisjonen skal vere rådgjevar for norske myndigheiter og eit bindeledd mellom sivilsamfunnet, ulike fagmiljø og regjeringa. Kommisjonen spelar ei sentral rolle i å synleggjere UNESCO i Noreg. Den nye kommisjonen har ti medlemar med bakgrunn frå ulike fagmiljø og sivil sektor, og er oppnemnd for perioden 2025-2028. Kyrre Lekve er leiar av kommisjonen. Samansetjinga av kommisjonen tek omsyn til geografisk spreiing og reflekterer dei fire ansvarsområda til UNESCO: utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.
UNESCO er den einaste FN-organisasjonen som har konstitusjonsfesta at medlemslanda skal ha ein nasjonalkommisjon. Kommisjonen er uavhengig. I Noreg er sekretariatet for kommisjonen plassert i Kunnskapsdepartementet. Den norske UNESCO-kommisjonen vert oppnemnd av Kunnskapsdepartementet.
Den norske UNESCO-kommisjonen. Frå venstre: Inger Måren, Aslak Husby, Sofie Sangnæs, Odd Sletten, Kyrre Lekve, Stian Olsen, Lill Tove Fredriksen, Geir Huse, Ammal Mohamed og Sylo Taraku.
1. januar 2025 troppa ein ny UNESCO-kommisjon på. Kommisjonen er utnemnd for fire år, og skal sitje ut 2028. Under kan du bli betre kjend med dei ti personane som skal vere med som bindeledd mellom sivilsamfunnet i Noreg og UNESCO dei komande åra. Den nye kommisjonen består av eit mangfald av personar som er førebudde på å fremje UNESCO sine mål og verdiar.
Til å leie arbeidet dei neste åra skal Kyrre Lekve, direktør for Institutt for Samfunnsforskning stå ved roret.
– Eg er glad og takksam for å få leie arbeidet til UNESCO-kommisjonen akkurat i den tida vi lever i no. Det er svært meiningsfullt å arbeide for utdanning, vitskap, kommunikasjon og kultur i ei uroleg verd. Skal vi lukkast med å nå berekraftsmåla til FN, er eit velfungerande, globalt samspel innanfor ansvarsområda til UNESCO heilt avgjerande. Eg ser fram til å arbeide saman med dyktige kommisjonsmedlemar med ulik og unik kompetanse for å skape eit godt samarbeid med norske myndigheiter og sentrale aktørar frå det sivile samfunnet, seier nyvald leiar Kyrre Lekve.
Kyrre Lekve
Kyrre Lekve er direktør for Institutt for samfunnsforskning. Lekve har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Oslo. Han har vore politisk rådgjevar og statssekretær for forsking og høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet i perioden 2007-2012. Lekve var òg styreleiar for Høyskolen Kristiania frå 2021 til 2026. Lekve er leiar av Den norske UNESCO-kommisjonen.
Inger Elisabeth Måren
Inger Elisabeth Måren er professor i anvendt økologi og UNESCO Chairforberekraftig arv og miljøforvaltning ved Universitetet i Bergen. Innanfor arbeidet til UNESCO-kommisjonen er Måren spesielt oppteken av den sentrale rolla som utdanning og forsking har i samfunnet, særleg i samband med UNESCO-programmet Man and the Biosphere (MAB) og tilhøyrande biosfæreområde. Måren er nestleiar i Den norske UNESCO-kommisjonen.
Lill Tove Fredriksen
Lill Tove Fredriksen er førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Norgga árktalaš universitehta/UiT Noregs arktiske universitet, og er leiar for Porteføljestyret for samisk samfunn og kultur. Fredriksens akademiske verksemd, og ein stor del av hennar eige levde liv, krinsar rundt samisk språk og litteratur, urfolkskunnskap og dei romma der språket lever og uttrykkjer seg. Desse romma finn vi i den skriftlege litteraturen, i joiken og i songen, som berarar av refleksjonar, forteljingar og levd erfaring. Gjennom desse uttrykksformene forstår vi korleis pulsen til språket slår i samisk kultur.
Geir Huse
Geir Huse er utdanna fiskeribiolog og jobbar som forskingsdirektør på Havforskingsinstituttet med ansvar for Marine Økosystem og Ressurser og driv med rådgiving for norske styresmakter og forsking innan dette fagfeltet. Huse er norsk delegat i Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) og sit òg i Porteføljestyret for mat og bioressursar i Noregs forskingsråd og i styret for seilskipet Statsraad Lehmkuhl.
Ammal Ahmed Haj Mohamed
Ammal Ahmed Haj Mohamed har ein bachelorgrad i politikk og internasjonale relasjonar, og har studert nordisk språk og litteratur. Ho er prosjektleiar i Norsk PEN og jobbar særleg med ytringsfridom retta mot unge stemmer. Tidlegare jobba ho som rådgjevar i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, og har leia satsingsområdet for mangfald, inkludering og tilhøyrsel på Sentralen kulturarena. Mohamed er tidlegare leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom. Ho er styremedlem i Norsk Folkehjelp, Framtiden i våre hender og Det Norske Kammerorkesteret.
Stian Olsen
Stian Olsen er utdanna lektor med mastergrader i historie og leiing, og jobbar no som skule- og utviklingssjef i FN-sambandet. I tillegg til å vere ansvarleg for aktivitetane til FN-sambandet i skuleverket, er Olsen òg nasjonal koordinator for ASPnet og UNESCO-skulane. Tidlegare har Olsen jobba 11 år i skuleverket som lærar og skuleleiar, med erfaring frå ulike skular i Oslo-området.
Odd Sletten
Odd Sletten er verdsarvkoordinator for Røros bergstad og Circumferensen. Han har tidlegare vore direktør for Rørosmuseet. Sletten har òg vore styreleiar for organisasjonen til dei norske verdsarvstadene, Noregs Verdensarv, og er direktør for det nordiske verdsarvsamarbeidet, Nordic World Heritage Association.
Sylo Taraku
Sylo Taraku er forfattar og rådgjevar i Tankesmien Agenda, med bakgrunn som statsvitar frå Universitetet i Bergen. Han har brei erfaring frå mellom anna Den norske Helsingforskomiteen, NOAS og Utlendingsdirektoratet. I tillegg har han vore medlem av Pressens Faglige Utvalg (PFU) og delteke i fleire offentlege utval. Taraku sit òg i styret til Stiftinga Fritt Ord.
Aslak Berntsen Husby
Aslak Berntsen Husby har vore leiar av Elevorganisasjonen i perioden 2022-2023. Han har hatt eit mangeårig engasjement for norsk skulepolitikk og elevar sine rettar. Husby studerer no som kadett ved Krigsskolen i Oslo.
Sofie Persdatter Sangnæs
Sofie Persdatter Sangnæs har bakgrunn frå barne- og ungdomsfrivilligheita gjennom engasjementet sitt i Noregs Bygdeungdomslag og som styremedlem i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Ho var ein av representantane i Ungdommens distriktspanel som i 2021 la fram råd for regjeringa om den framtidige distriktspolitikken. Sangnæs har mastergrad i bioteknologi og jobbar til dagleg som overingeniør ved NMBU Veterinærhøgskolen.
Noreg er ein av dei største økonomiske bidragsytarane til UNESCO og arbeider aktivt for å utvikle organisasjonen.
Foto: Samfoto
Illustrasjonsfoto: Barn, elev.
Gjennom dei ekstrabudsjetære midla er Noreg ein viktig økonomisk bidragsytar til UNESCO. Noreg er ein aktiv medlemsstat, som samarbeider nært med dei andre nordiske landa.
I tråd med regjeringa sitt ønskje om eit sterkt FN, arbeider Noreg for å gjere UNESCO til ein velfungerande og effektiv organisasjon. Noreg spela ei viktig rolle i arbeidet med å setje i gang ei evaluering av UNESCO. I dag er oppfølginga av tilrådingane i evalueringsrapporten eit viktig tema for organisasjonen.
Noreg vil at UNESCO skal konsentrere seg om funksjonar der organisasjonen har komparative fortrinn. Dette er hovudsakleg i rolla som pådrivar i normative og etiske spørsmål, som kapasitetsutviklar og som initiativtakar for globalt samarbeid. Det er dessutan viktig for Norge at UNESCO unngår overlapping med andre organisasjonar og har eit tett samarbeid med andre FN-organisasjonar.