• Visste
    du at..?

    Utdanning 2030 er en global satsing for å sikre inkluderende og rettferdig utdanning av god kvalitet og livslang læring for alle.

  • Visste
    du at..?

    UNESCO har et eget register over unik dokumentarv? Det heter Memory of the World Register.

  • Visste
    du at..?

    101 journalister ble drept i 2016?
    Fremme av ytringsfrihet og pressefrihet er en viktig satsing for UNESCO.

  • Visste
    du at..?

    Verdensarvlisten inneholder flere enn 1000 steder.

  • Visste
    du at..?

    Verdensarvstedene ligger i 165 land over hele verden?

  • Visste
    du at..?

    Spania er det landet som har nest flest steder på verdensarvlisten, med 45 steder?

  • Visste
    du at..?

    Italia er det landet som har flest steder på verdensarvlisten, med 51 steder?

  • Visste
    du at..?

    160 millioner voksne i rike land leser dårlig?
    Å bedre voksnes leseferdigheter er et av FNs bærekraftmål (delmål 4.6).

  • Visste
    du at..?

    Det er 650 millioner barn i grunnskolealder i verden?
    Alle har rett til skolegang.

  • Visste
    du at..?

    71 millioner ungdommer i verden ikke går på skole?

Grafisk logo

Man and the Biosphere – Eit modellområde for bærekraftig utvikling

MAB er eit UNESCO-program som starta i 1971 med ein visjon om fremje berekraftige band mellom mennesker og naturen. I dag er det 714 biosfæreområder i verda og 10 i Norden. Vi har berre eitt biosfæreområde i Noreg – Norhordland Biosfæreområde.

Hellesøy fyr på Fedje. Fotograf: Rune Heradstveit.

MAB-programmet og biosfæreområda sin visjon er ei verd der menneska er bevisste på si felles framtid, korleis dei samhandlar med planeten, og at dei handlar kollektivt og ansvarleg for å bygge blomstrande samfunn i harmoni i biosfæren.

Frå tidleg 1970-tal har Man and the Biosphere (MAB)-programmet vore eitt av UNESCO sine mange arbeidsområde. Programmet vart etablert som eit verkemiddel for å finne berekraftige løysingar på dei store utfordringane verda sto ovanfor, som befolkningsvekst, klimaendringar og politisk uro.

MAB-programmet har som mål å oppnå langsiktig berekraftig bruk av jorda sine ressursar. Biosfæreområda, som Nordhordland UNESCO Biosfæreområde er eitt av, er modellområde som skal vise gode eksempel på berekraftig bruk av ressursar.

Målet er å oppnå ein balanse mellom å ta vare på biologisk mangfald og naturressursar, fremje økonomisk utvikling og sikre god samfunnsutvikling der lokalbefolkninga, det offentlege, næringslivet og forskningsinstitusjonar samarbeider.

Eit viktig krav frå UNESCO er at eit biosfæreområde skal innehalde ein mosaikk av ulike økologiske systemer som er representative for større geografiske regionar. Det er viktig å vise korleis mennesker i desse områda lev og utnyttar resursane. Nordhordland har eit næringsliv med spenn på alt frå tradisjonelt jordbruk og fiske til moderne industri, olje, energi og akvakultur. 55 000 mennesker bur i området som tel 669 800 hektar og går frå landsbyen Fedje i havet, til opne lyngheier, gjennom lakseelvar og frodige daler opp til stølane i høgfjellet.

Vil du lære meir?

Forskning og formidling er nøkkelaktivitetar for å støtte utviklinga av Nordhordland UNESCO biosfæreområde, særskild når det kjem til å forbetre forståinga av lokalmiljøet.

På nettsidene til Nordhordland biosfæreområde kan du lese meir om dei ulike prosjekta og samarbeidet som foregår.

Les meir om Nordhordland biosfæreområde på deira nettside: Om Nordhordland UNESCO biosfæreområde – Nordhordland Biosfære (nordhordlandbiosphere.no)

Til toppen