Både departementer, fagmiljø og det sivile samfunn deltek i norsk UNESCO-arbeid.
Mens departementa har ansvar for Norges offisielle UNESCO-politikk, fungerer Den norske UNESCO-kommisjonen som eit bindeledd mellom det sivile samfunn og norske myndigheiter. Kunnskapsdepartementet har sekretariatsansvar for Den norske UNESCO-kommisjonen.
Den norske UNESCO-kommisjonen skal vere rådgivar for norske myndigheiter og bindeledd mellom sivilsamfunnet, ulike fagmiljø og regjeringa. Kommisjonen spelar ei sentral rolle i å synliggjere UNESCO i Noreg. Den nye kommisjonen har ti medlemmer med bakgrunn frå ulike fagmiljø og sivil sektor, og er oppnemnd frå 2025-2028. Samansetninga av kommisjonen har tatt omsyn til geografisk spreiing og reflekterer UNESCO sine fire ansvarsområder: utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.
UNESCO er den einaste FN-organisasjonen som har konstitusjonsfesta at medlemslanda skal ha ein nasjonalkommisjon. Kommisjonen er uavhengigfor kommisjonen er plassert i Kunnskapsdepartementet. Den norske UNESCO-kommisjonen vert oppnemnd av Kunnskapsdepartementet.
1. januar 2025 troppa ein ny UNESCO-kommisjon på. Kommisjonen er utnemnd for fire år, og skal sitte ut 2028. Under kan du bli betre kjend med dei nokre av dei 10 menneska som skal skjøtte Noreg i UNESCO dei komande åra.
UNESCO-kommisjonen skal vere rådgjevar for norske myndigheter og bindeledd mellom sivilsamfunnet, ulike fagmiljø og regjeringa. Kommisjonen spelar ei sentral rolle å synliggjere UNESCO i Noreg. Den nye kommisjonen har ti medlemer med bakgrunn frå ulike fagmiljø og sivil sektor er oppnemnd frå 2025-2028. Kyrre Lekve er leiar av kommisjonen. Samansetninga av kommisjonen har geografisk omsyn og reflekterer UNESCO sine fire ansvarsområder: utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.
Den nye kommisjonen består av eit mangfald av personar som er budde på å fremje UNESCO sine mål og verdiar.
Til å leie arbeidet dei neste åra skal Kyrre Lekve, direktør for Institutt for Samfunnsforsking stå ved roret.
– Eg er glad og takksam over å få leie UNESCO-kommisjonen sitt arbeid akkurat i den tida vi lever i no. Det er svært meningsfullt å arbeide for utdanning, vitskap, kommunikasjon og kultur i ei uroleg verd. Skal vi lukkast med å nå FN sine berekraftsmål, er eit velfungerande, globalt samspel innanfor UNESCO sine ansvarsområder heilt avgjerande. Eg ser fram til å arbeide saman med dyktige kommisjonsmedlemer med ulik og unik kompetanse for å skape et godt samarbeid med norske myndigheiter og sentrale aktørar frå det sivile samfunn, seier nyvald leiar Kyrre Lekve.
Kyrre Lekve
Kyrre Lekve (fødd 11. mars 1968) er direktør for Institutt for Samfunnsforsking. Lekve har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Oslo. Han har vore politisk rådgivar og statssekretær for forsking og høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet 2007-2012. Lekve er styreleiar for Høyskolen Kristiania.
Inger Måren
Inger Måren er professor i anvend økologi og UNESCO Chair for Bærekraftig Arv og Miljøforvaltning ved Universitetet i Bergen. Innanfor arbeidet til UNESCO-kommisjonen er Måren spesielt opptatt av den sentrale rolla som utdanning og forsking har i samfunnet, og spesielt inn mot UNESCOs Man and the Biosphere (MAB) program og tilhøyrande Biosfæreområder.
Odd Sletten
Odd Sletten er verdsarvkoordinator for Røros bergstad og Circumferensen. Han har tidlegare vore direktør for Rørosmuseet. Sletten har også vore styreleiar for organisasjonen til dei norske verdsarvstadene, Noregs Verdensarv, og er direktør for det nordiske verdsarvsamarbeidet, Nordic World Heritage Association.
Geir Huse
Geir Huse er utdanna fiskeribiolog og jobbar som forskingsdirektør på Havforskingsinstituttet med ansvar for Marine Økosystem og Ressurser og driv med rådgiving for norske styresmakter og forsking innan dette fagfeltet. Huse er norsk delegat i det internasjonale havforskingsrådet og sit også i Porteføljestyret for mat og bioressursar i Noregs forskingsråd og i styret for Seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Huse er fødd 11 juni 1969 og bur i Bergen.
Lill Tove Fredriksen
Lill Tove Fredriksen er førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Norgga árktalaš universitehta/UiT Noregs arktiske universitet, og er leiar for Porteføljestyre for samisk samfunn og kultur. Fredriksens akademiske virke, og ein stor del av hennar eige levde liv, krinsar rundt samisk språk og litteratur, urfolkskunnskap og dei romma der språket lever og uttrykkjer seg. Desse romma finn vi i den skriftlege litteraturen, i joiken og i songen, som berarar av refleksjonar, forteljingar og levd erfaring. Gjennom desse uttrykksformene forstår vi korleis pulsen til språket slår i samisk kultur.
Stian Olsen
Stian Olsen er utdanna lektor med mastergrader i historie og leiing, og jobbar no som skule- og utviklingssjef i FN-sambandet. I tillegg til å vere ansvarleg for aktivitetane til FN-sambandet i skuleverket, er Olsen også nasjonal koordinator for ASPnet og UNESCO-skulane. Tidlegare har Olsen jobba 11 år i skuleverket som lærar og skuleleiar, med erfaring frå ulike skular i Osloområdet.
Sofie Persdatter Sangnæs
Sofie P. Sangnæs (f. 1997) har bakgrunn frå barne- og ungdomsfrivilligheita gjennom engasjementet sitt i Noregs Bygdeungdomslag og som styremedlem i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Ho var ein av representantane i Ungdommens distriktspanel som la fram råd om distriktspolitikken i framtida til regjeringa i 2021. Sangnæs har ei mastergrad i bioteknologi og jobbar til dagleg som overingeniør ved NMBU Veterinærhøgskolen.
Sylo Taraku
Sylo Taraku er forfattar og rådgivar i Tankesmien Agenda, med bakgrunn som statsvitar frå Universitetet i Bergen. Han har brei erfaring frå mellom anna Den norske Helsingforskomiteen, NOAS og Utlendingsdirektoratet. I tillegg har han vore medlem av Pressens Faglige Utvalg (PFU) og delteke i fleire offentlege utval. Taraku sit også i styret til Stiftinga Fritt Ord.
Ammal Haj Mohamed
Ammal Ahmed Haj Mohamed har ein BA i Politikk og internasjonale relasjonar, og har studert Nordisk språk og litteratur. Ho er prosjektleiar i Norsk PEN og jobbar særleg med ytringsfridom opp mot unge stemmer. Tidlegare jobba ho som rådgivar i Integrering og Mangfoldsdirektoratet, og har leia satsingsområdet for mangfald, inkludering og tilhøyrsel på Sentralen kulturarena. Mohamed er tidlegare leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom. Ho er styremedlem i Norsk Folkehjelp, Framtiden i våre hender og Det Norske Kammerorkesteret.
Aslak Berntsen Husby
Aslak Berntsen Husby (fødd 24. april 2002) har vore leiar av Elevorganisasjonen (2022/23). Han har hatt eit mangeårig engasjement for norsk skulepolitikk og elevars rettar. Husby studerer no som kadett på Krigsskolen i Oslo.
Norge er en av de største økonomiske bidragsyterne i UNESCO, og arbeider aktivt for å utvikle organisasjonen.
Gjennom de ekstrabudsjettære midlene er Norge en viktig økonomisk bidragsyter til UNESCO. Norge er en aktiv medlemsstat, som samarbeider nært med de andre nordiske landene.
I tråd med Regjeringens ønske om et sterkt FN, arbeider Norge for å gjøre UNESCO til en velfungerende og effektiv organisasjon. Norge bidro tungt til å få i gang en evaluering av UNESCO. I dag er oppfølging av evalueringsrapportens anbefalinger et viktig tema for organisasjonen.
Norge vil at UNESCO skal konsentrere seg om funksjoner hvor organisasjonen har komparative fortrinn. Dette er hovedsakelig som pådriver i normative og etiske spørsmål, som kapasitetsutvikler og som initiativtaker for globalt samarbeid. Det er dessuten viktig for Norge at UNESCO unngår overlapping med andre organisasjoner og at den har et tett samarbeid med andre FN-organisasjoner.