MAB er eit UNESCO-program som starta i 1971 med ein visjon om fremje berekraftige band mellom mennesker og naturen. I dag er det 714 biosfæreområder i verda og 10 i Norden. Vi har berre eitt biosfæreområde i Noreg – Norhordland Biosfæreområde.
MAB-programmet og biosfæreområda sin visjon er ei verd der menneska er bevisste på si felles framtid, korleis dei samhandlar med planeten, og at dei handlar kollektivt og ansvarleg for å bygge blomstrande samfunn i harmoni i biosfæren.
Frå tidleg 1970-tal har Man and the Biosphere (MAB)-programmet vore eitt av UNESCO sine mange arbeidsområde. Programmet vart etablert som eit verkemiddel for å finne berekraftige løysingar på dei store utfordringane verda sto ovanfor, som befolkningsvekst, klimaendringar og politisk uro.
MAB-programmet har som mål å oppnå langsiktig berekraftig bruk av jorda sine ressursar. Biosfæreområda, som Nordhordland UNESCO Biosfæreområde er eitt av, er modellområde som skal vise gode eksempel på berekraftig bruk av ressursar.
Målet er å oppnå ein balanse mellom å ta vare på biologisk mangfald og naturressursar, fremje økonomisk utvikling og sikre god samfunnsutvikling der lokalbefolkninga, det offentlege, næringslivet og forskningsinstitusjonar samarbeider.
Eit viktig krav frå UNESCO er at eit biosfæreområde skal innehalde ein mosaikk av ulike økologiske systemer som er representative for større geografiske regionar. Det er viktig å vise korleis mennesker i desse områda lev og utnyttar resursane. Nordhordland har eit næringsliv med spenn på alt frå tradisjonelt jordbruk og fiske til moderne industri, olje, energi og akvakultur. 55 000 mennesker bur i området som tel 669 800 hektar og går frå landsbyen Fedje i havet, til opne lyngheier, gjennom lakseelvar og frodige daler opp til stølane i høgfjellet.
Vil du lære meir?
Forskning og formidling er nøkkelaktivitetar for å støtte utviklinga av Nordhordland UNESCO biosfæreområde, særskild når det kjem til å forbetre forståinga av lokalmiljøet.
På nettsidene til Nordhordland biosfæreområde kan du lese meir om dei ulike prosjekta og samarbeidet som foregår.