Noregs dokumentarv

Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register.

Memory of the World (MoW) vart oppretta i 1992, som eitt av fleire UNESCO-program for å gje eit nødvendig løft for å synleggjere og redde kulturarven. I Noreg heiter registeret Noregs dokumentarv.

4. desember er det lansering av nye innføringer i Noregs dokumentarv. Lanseringa er digital, og kan følgast på facebook.

Memory of the World er ikkje ein konvensjon, men kan knyttas opp til fleire konvensjonar, som til dømes Verdsarvkonvensjonen (1972) og UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv (2003).

Det finst register på internasjonalt, regionalt og nasjonalt nivå, og privatpersonar, organisasjonar og institusjonar kan fremje søknader. Den nasjonale komiteen vurderer og avgjer kva dokument som blir innskrivne i registret, det fyrste opptaket til dokument i registret var i 2012.

Grensearkiv ca. 1750, arkivet dokumenterer heile den norske grensa.

Her er heile registeret for Norges dokumentarv.

Les meir på Kulturrådet sine nettsider:

Norges dokumentarv – kulturradet.no