Utdanningsmøte i FN
-Send lærarar, ikkje soldatar!
Det sa Malala Yousafzai då ho var til stades under markeringa av årsdagen for lanseringa av utdanningsprogrammet Education First. Malala Yousafzai vart skoten av taliban i fjor på grunn av sitt engasjement for at jenter skal få utdanning.
Education First vart satt i gang av Generalsekretær Ban Ki-moon i 2012. UNESCOs generalsekretær er med i styringsgruppa for Education First.
Markeringa samla ei rekkje verdsleiarar i eit panel som vart leia av FNs spesialutsending for utdanning, Gordon Brown. Desse la særskilt vekt på behovet for å gi utdanning til fleire jenter.
Under opninga av sesjonen vart det framheva kva for ei rolle utdanning kan spille både for den einskilde og på samfunnsnivå. I ein lekkasje frå den neste Global Monitoring Report som kjem i januar 2014, vert det peikt på nokre sentrale fordelar ved utdanning: Ved hjelp av utdanning kan ein redusere ekstrem fattigdom. Over ein periode på 40 år vil inntekta per innbyggjar bli 23 prosent høgare enn i dag viss alle barn får utdanning.
Dersom alle kvinner har grunnskuleutdanning, vil dødelegheita knytt til fødslar reduserast med to tredjedelar. I tillegg vil det vere ein halv million færre barneekteskap.
Utdanning bidreg òg til at fleire støttar demokrati. Det gir meir toleranse og auka deltaking i samfunnet og det politiske liv. Av dei som er gamle nok til å stemme er dei som har fullført grunnskole halvannan gong meir tilbøyelege til å uttrykkje støtte for demokrati enn dei utan utdanning.